Dei søv på golvet for å spreie håp i Oslo

Det er fleire hundre av dei, og dei kjem frå 34 forskjellige land. Denne veka strøymer dei ut i Oslo-gatene for å fortelje om det viktigaste dei veit om: Jesus.

Pride er ikkje åleine om å sette farge på hovudstaden i juni. Det gjer óg ein iherdig gjeng kristne som har samla seg for å inspirere kvarandre til å breie ut den kristne bodskapen.

Hope for Oslo trekkjer 669 menneske i alderen 15 til 75. Tyngda av dei er rundt 30 år, men mange tenåringar er også å sjå, og i mengda av det ungdomelege kan til og med ein og annan pensjonist dukke opp. Gløden er i alle høve sterk, og onsdag kveld måtte dei etter kvart stenge dørene fordi lokala berre har plass til 800 menneske.

Laurdag vert den mykje omtalte misjonskonferansen The Send arrangert i Telenor Arena. Hope for Oslo er ikkje formelt ein del av den, men eit oppspel til det som skal hende på Fornebu i helga.

Internasjonalt

Ved inngangen til Storsalen i Staffeldts gate er det ofte folksomt denne veka. Onsdag sto store grupper sumarkledde kristne rundt inngangen til Normisjon sitt lokale ved Slottsparken og snakka om det dei skal gjere litt seinare på dagen: Spreie håp ved å evangelisere i Oslo.  

Biletet er internasjonalt. Ved ein stabel med enkle madrasser i enden av kafeen under Storsalen har det unge ekteparet Magdalena (22) og Wiktor (23) Antonowscy teke seg ein pust i bakken etter lunsjen. Dei kjem frå Wroclaw i Polen og skal bidra med gateteater.

Dei trivst godt og har ikkje noko imot den enkle standarden dei vert bydde på. Nokre netter i sovepose for Guds rikes sak er dei helt komfortable med.

Ved eit kafébord kjem Kristelig Pressekontor i prat med fleire deltakarar. Kim Evensen (30) frå Oslo har bakgrunn frå Ungdom i Oppdrag (UIO) og har budd i ein såkalla disippelfellesskap ved Bislett i eit år. UIO er hovudarrangør for The Send, og dei fleste som deltek på Hope for Oslo, dreg vidare dit. Kim syner til at hundrevis, kanskje tusenvis, frå 34 ulike land kjem til Noreg for å spreie den kristne bodskapen og vere med på den store misjonssamlinga på Fornebu.

– Det er ei ære at så mange kjem hit utanåfrå. Det er ei gåve til oss, og eg vil vere med på dette og lære av dei og kulturen deira. Vi blir lett sittande fast i vår eigen kultur og i janteloven, meiner Kim som minner om at Jesus ba kristne gå ut for å vere lys og salt.

– Då kan vi ikkje sitte inne på bakende og vente. Eg er her for gjere ein forskjell i Oslo.

Kim si røynsle er at folk på gata er viljuge til å snakke om tru.

– Folk er nyfikne, seier han til KPK.

Ein stor andel av dei utanlandske deltakarane, er knytte til Steiger International, ei teneste som starta i Nederland og som vil nå ut til ungdom som ikkje sjølve finn vegen til kyrkja. Dette er no ei verdensvid verksemd som er synleg i meir enn 100 byar globalt. Hope for Oslo er teambasert, og Steigers folk leier teama som går ut i sumar-Oslo.

– Dei har mellom anna lært meg om smarte måtar å starte samtaler på, seier Kim som fortel at det kostar han litt å gjere det, men at mange er mottakelege når dei først kjem i prat.

– Vil vere disippel

Jon Erlend Haavaag (25) frå Notodden får ikkje vore med på The Send laurdag, men ville likevel gjerne bidra.

– Jeg går i Filadelfiadelfiakyrkja i Oslo og fekk høyre at det skulle vere ei veke med evangelisering i forkant, så då vil eg vere ein disippel som vert send ut og som spreier Jesu bodskap til byen der eg bur. Det er mykje smerte og einsemd her, og eg trur Jesus er løysinga. Hope for Oslo gjer det svært enkelt å delta. Det er så tilrettelagt, og då tenker eg at eg må vere med, seier Jon Erlend som innser at gateevangelisering kanskje ikkje er for alle, men sjølv ynskjer han å gjere meir av det.

Ani-Sofia Hietala (27) er komen heilt frå Evijärvi i Finland for å delta. For over tre år sidan var ho på misjonsreise i USA i regi av Youth With A Mission (YWAM) som norske Ungdom i Oppdrag er ein del av. I Orlando i Florida kom ho tilfeldig innom The Send som vart arrangert der og trakk 58.000 deltakarar. No vil ho ha med seg The Send-utgåva i Oslo óg.

– Då eg høyrde at The Send skulle arrangerast her, ba eg over om eg skulle ta del i det. Korleis kunne eg bidra? Eg kjende at Gud kalla meg til å bli med på Hope for Oslo, seier Ani-Sofia som heime i Finland arbeider på heiltid for YWAM og trenar ungdom i evangelisering.

– Det eg set mest pris på i livet, vil eg dele med andre også. Det er naturleg for meg, og vi leitar etter måtar å nå ut på som passar med den lokale kulturen. Det er alltid nokre som er avvisande, men mange er opne, og i går hadde eg fleire gode samtaler.

– Gud gjør noe

Bergensaren Mahle Mazengia (27) tilhøyrer IMI-kyrkja Kollektivet i Oslo:

– Eg har veldig tru på at Gud held på å gjere noko i Oslo og i landet vårt. Berre det at han sender så mange til The Send, seier noko om det. Det er fantastisk at så mange frå utlandet har hjarte for Oslo og Noreg og at dei kjem hit for å evangelisere. Dei som kjem frå Steiger International, er ikkje her for å skape ein hype, men har eit ekte engasjement for nå folk i byen og ruste og oppmuntre kristne til å gå ut, seier Mahle som meiner mange på gata er opne.

– Under fasaden er mange lengtande og nyfikne på kristen tru, og det hjelper om vi kjem med ein anna forteljing enn den dei forbind med religion og kristendom, seier ho.

– Er det nokon som vert kristne gjennom gateevangelisering?

– Ja, det har eg opplevd, men ein må bygge tillit, og det er viktig at folk ikkje berre opplever seg som eit prosjekt vi har, seier ho.

– Global ungdomskultur

Filipe Mazhado (35) er brasilianar og leiar av Steiger International sitt arbeid i Nord-Amerika, men er denne veka i Noreg for å ta del i evangeliseringa i Oslo. Hans observasjon er at norsk ungdom er nokså lik sine jamnaldringar andre stader i verda.

– Vi har ein global ungdomskultur som er nokså lik anten du er i Noreg, Sør-Korea, Libanon eller Ukraina, seier han og peiker på at somme likskapstrekk skuldast at ungdom verda rundt surfar på dei same nettstadane og ser dei same seriane som trendar samstundes over heile verda. Han trur derfor at massar av urbane unge har eit nokså likt verdsbiletet og fylgjer dei same motane uansett kvar i verda dei bur.

– Dette gjev seg utslag ikkje berre i det overfladiske, men óg på eit djupare nivå. Vi møter dei same haldningane i mange land om at ingen utanom meg sjølv kan seie korleis eg skal leve livet mitt, og ingen kan seie til meg kva som er rett og kva som er gale. Det vert kalla toleranse, men det er ein særs skakk toleransetanke. Det lyder frigjerande, men vert etter kvart ein byrde som mange ber med seg, trur Filipe – som meiner dei kristne evangelistane han rekrutterer, har ein betre bodskap. KPK

 

Bilete:

NØGDE: Det unge polske ekteparet Magdalena (22) og Wiktor (23) Antonowscy rynker ikkje på nasen over det enkle overnattingstilbodet under Hope for Oslo. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

EVANGELISERER: Entusiasmen er stor mellom deltakarane på Hope for Oslo, her representert av frå venstre Kim Evensen (30), Mahle Mazengia (27), Ani-Sofia Hietala (27)  og Jon Erlend Haavaag (25). Foto: Stein Gudvangen, KPK.

SPRENGD: Det er trangt i Storsalen medan Hope for Oslo vert arrangert. Før møtet onsdag kveld måtte mange avvisast fordi det berre var plass til 800 personar. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

LIKT: – Vi har ein global ungdomskultur som er nokså lik anten du er i Noreg, Sør-Korea, Libanon eller Ukraina, meiner Filipe Mazhado i Steiger International. Foto: Stein Gudvangen, KPK.

 

FAKTA

Hope for Oslo

  • Hope for Oslo er eit samarbeid mellom fleire Oslo-kyrkjelydar om «en ukes lang opplevelse av tilbedelse og bønn, undervisning og evangeliserings-hendelser».
  • Arrangementet finn stad i hovudstaden i dagane opp mot misjonskonferansen The Send i Telenor Arena 25. juni.
  • 669 personer omtrent i alderen 15 til 75 år er påmelde, dei fleste er mellom 20 og 35.
  • Halvparten av deltakarane er norske, resten frå 33 andre land.
  • Dei som står bak Hope for Oslo, er Normisjon sin kyrkjelyd i Storsalen, IMI-kyrkja Kollektivet, Home Baptist Church, Kristent Fellesskap, DNA Oslo, Misjonskyrkja på Majorstua og bønearbeidet Day & Night i Markuskyrkja. Dessutan er Ungdom i Oppdrag Oslo og Steiger International medarrangørar.

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone