Vil fremje påska som ei kristen høgtid

Kristiansand Frikyrkje set opp ein barnevenleg påskemusikal veka før påske. Pastor Stein Arve Graarud meiner fleire burde gjera noko liknande.

I januar 2009 fekk Kristiansand Frikyrkje og dåverande pastor Jan Gossner pengar frå kommunen for å laga og setja opp eit påskespel. Saman med kantor Jon Kleveland, Tore Thommasen og Randulf Roaldsnes heiv Gossner seg rundt og fekk laga ein musikal til påska same år.

Sidan har det vorte ein tradisjon å setja opp påskemusikalen «Lys, lys levande» i Frikyrkja før påske.

– Påska vert ofte litt gløymd i kyrkjene og folk dreg heller på fjellet. Vi synest det er gøy å ta påska litt tilbake og set opp påskemusikalen veka før palmehelga, slik at folk kan ta med seg forteljinga inn i høgtida, fortel pastor Stein Arve Graarud.

Påskemusikalen vert spelt to gonger sundag 18. mars. Nytt av året er at òg generalprøva på laurdagen før er open for publikum. Graarud meiner tilstellinga er ein god måte å nå ut med forkynninga på.

– Folk veit ikkje lenger så mykje om kva kristne høgtidar handlar om og vi kan med påskespelet skapa medvit rundt det, seier Graarud.

Vonar fleire vil setja opp påskespel

Rundt 100 barn, konfirmantar, unge og vaksne er med på oppsettinga av «Lys, lys levande» som følgjer to familiar i Jerusalem gjennom ein dramatisk påskeuke for nesten to tusen år sidan.

– Dette er noko heile forsamlinga gleder seg til. Borna vil jo ikkje reisa vekk når det er påskespel. Borna som starta med å spela landbybarn har etter kvart gått over i større roller som soldatar og liknande, fortel Graarud.

Graarud vonar fleire kyrkjer vil setja opp påskespel og skapa meir merksemd rundt påskebodskapen.

– Ein kan gjera det med enkle middel og kan byggja kulisser med det dei har. Vi har spelt inn all musikken og sel han og manus ferdig til dei som vil bruka det. Det er ein ressurs som folk kan laga til sitt eige, seier han.

Barnevenleg

Graarud trur at ein grunn til at ikkje fleire kyrkjer vel å setja opp påskespel er at dei bibelske hendingane i påska opplevast som brutale og lite barnevenlege.

– Påska er brutal, med korsfesting og utruleg dramatiske hendingar, seier han.

Kristiansand Frikyrkje har løyst dette ved å laga ein påskemusikal der hendingane vert fortalt frå ein meir perifer synsvinkel.

– Korsfestelsen og Jesus vert vist ikkje direkte i stykket. Du ser ikkje Jesus men høyrer om han via familien til ein gartnar som er ein tenkt slektning av Jesus, fortel Graarud.

Gjennom gartnaren og borna i familien får tilskodarane med seg kva som skjer med Jesus i Jerusalem.

– Du ser ikkje det dramatiske og blodige alvoret, men du får det gjeve att og sunge. Det er ei familietilstelling, fortel pastoren som sjølv spelar gartnaren i musikalen.

Koplar til gamle testamentet

Påskemusikalen «Lys, lys levande» trekkar òg parallellane og linjene mellom historia om Jesus og historiene i det gamle testamentet.

– Gartnaren får besøk av familien til systera si frå Nasaret og Maria kjem òg på besøk. Dei syng blant anna om utfarten frå Egypt og det første påskelammet som vart slakta og trekkjer linken til Jesus som tek synda i verda, fortel Graarud.

Under sjølve korsfestelsen følgjer musikalen borna som ikkje får vera med og sjå, men vert fortalt etterpå at Jesus er død.

– Så går dei heim og les frå Jesaja-boka om at han vart såra for skulda vår og tenkjer at det kanskje var difor Jesus døydde. Linkane tilbake til gamle testamentet skapar òg interesse og forvitenskap hos tilskodarane, fortel pastoren. KPK

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone