Illustrasjonsfoto, Markus Plementas, KPK
Illustrasjonsfoto, Markus Plementas, KPK

Marias lovsong – og vår

Jesus frå Nasaret var ikkje ein kva som helst filosof og lærar - han var - og er! - Verda sin frelsar.

Av Nils-Petter Enstad, forfattar

Maria bodskapsdag, 22. mars 2015

Preiketekst: Lukas 1, 46 – 55

Då sa Maria: «Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar. For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom. Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn. Frå slekt til slekt varer hans miskunn over dei som ottast han. Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet. Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge. Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg. Han tok seg av Israel, sin tenar, og kom i hug si miskunn slik han lova våre fedrar, Abraham og hans ætt, til evig tid.»

To kvinner møtest. Dei er i slekt med kvarandre, og begge ventar barn. Den eine av dei, Elisabeth, er godt opp i åra, og har vore barnlaus heilt til no. Men så fekk mannen hennar, presten Sakarja, ei openberring: Dei skulle få ein son, og han skulle bli forlauparen for Messias. Så fekk Maria gjesting av den same engelen, og ei liknande melding: Ho skulle bli med barn og føde den Messias, Frelsaren som var lovd. Dei hadde mykje felles, desse to kvinnene, den unge og den eldre.

              Men det var også nokre forskjellar: Elisabeths barn var avla på same biologiske vis som alle andre barn. Men med Maria var det annleis. Ho hadde ikkje vore saman med nokon mann. I truvedkjenninga seier vi at Jesus blei «avla ved Den Heilager Ande». Det har den kristne kyrkja vedkjent til alle tider. Det har kristne trudd til alle tider. Det trur vi stadig. Marias son har ein unik posisjon i historia. Jesus frå Nasaret var ikkje ein kva som helst filosof og lærar - han var - og er! - Verda sin frelsar.

              Maria hadde grunn til lovsong. Og lovsongen hennar er, som all lovsong skal vere, ein song til Guds pris og ære. Lovsong er blitt skildra som «å skryte av Gud», og det er - rett forstått - det Maria gjer. Det er ein lovsong der fokus er retta mot eitt punkt: Gud i himmelen, og nåden hans, allmakta hans og kjærleiken hans. Seg sjølv nemner ho berre fordi ho er blitt gjenstand for denne kjærleiken, allmakta og nåden.

              Dei bar begge på barn som var utvalde til store oppgåver i Guds rike. Den eine som forlauparen for Messias, den andre som Frelsaren. Mødrene visste ikkje der og då at arrestasjon og død venta dei begge. Men fordi begge fullførte oppdraga sine, er Marias lovsong også vår lovsong: «Frå slekt til slekt varer hans miskunn over dei som ottast han». Amen

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone