NY JOBB: Olav Vestbøstad er Gå Ut Senteret sin nytilsette rektor. Foto: Bård Bøe, NLM.
NY JOBB: Olav Vestbøstad er Gå Ut Senteret sin nytilsette rektor. Foto: Bård Bøe, NLM.

Ny rektor er tilsett ved Gå Ut Senteret

Gå Ut Senteret har tilsett Olav Vestbøstad (53) som ny rektor etter å ha slite i fleire månader med å få nokon til å fylle stillinga.  

Normisjon, som eig bibel- og misjonsskulen Gå Ut Senteret i Trondheim, måtte over i Misjonssambandet sine rekkjer for å finne Ørjan Tinnen sin etterfylgjar som rektor.

Rektorstillinga vart utlyst alt tidleg i mai i fjor, men i november melde Kristelig Pressekontor at Normisjon ikkje var nøgd med søkjarlista. Derfor vart stillinga lyst ut på nytt, og no med eit resultat skulen sitt styre var meir glad for.

Olav Vestbøstad er no tilsett i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og pendlar ifylgje normisjon.no frå Trondheim der han er busett, til Oslo. Han er regionleiar for NLM si misjonsverksemd i Indonesia, Japan og «Stor-Kina» og har i heile sitt yrkesliv vore tilknytta organisasjonen. Han har røynsle som misjonær i Indonesia og har vore både krinssekretær og regionleiar for NLM i Trøndelag og Midt-Noreg. Han er utdanna ved Misjonsskulen som Misjonssambandet driv på Fjellhaug i Oslo og frå MF vitenskapelig høyskole.

På Normisjon si nettside vert han attgjeven slik i samband med tilsetjinga:

– Dette er eit Kinderegg av ei stilling. Her får eg arbeide med bibel, ungdom og misjon. Derfor er denne stillinga midt i blinken for meg.

Han seier óg at han er glad for å kunne sleppe å pendle til hovudstaden i fremtida. 

– Vi er svært nøgd med at vi har fått Olav Vestbøstad som rektor. Han er ein utruleg kapasitet når det gjeld misjon, ikkje minst er røynslene hans som utsending svært interessant for oss. Olav Vestbøstad sin mangeårige bakgrunn, særleg frå Asia, er både spanande og nyttig når nye generasjonar skal sendast ut. Han vert eit nytt lokomotiv for skulen, uttaler styreleiar Lars Gjøra Aursand.

Vestbøstad går elles inn i ein tradisjon sidan Normisjon tidlegare har rekruttert to rektorar frå nettopp Misjonssambandet. Vestbøstad, opphaveleg frå Fitjar, søkte faktisk på rektorstillinga i 2015, men fekk samstundes tilbod om jobben han no har i Misjonssambandet. Derfor trakk han søknaden den gongen. KPK

LAST NED KORTSAKEN PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone