Ny riksdekkjande radiokanal vil utfordre folk på tru

Den nye kristne radiokanalen «Radio 3,16» går på lufta i april, og vil dekkje 70 prosent av landet si befolkning. – Vi vil bringe Jesus inn i stova eller i bilen, seier dagleg leiar Margrethe Tveit.

– Vi tenkjer det er behov for ein kristen radio i landet vårt, som når ut der folk er. Vi skal vere ein kristen kanal med program som har tydeleg kristent innhald og kristen musikk, seier Tveit til KPK.

Namnet på radioen er «Radio 3,16», og blir ått av Filadelfia i Kristiansand. Kyrkjelyden har drive lokalradioen «Radio Filadelfia» sidan 1987.

– Vi ønskjer å vere tverrkyrkjelege, og ha ein kanal som speglar noko av bredda i kyrkjelandskapet. Filadelfia Kristiansand er ein pinsekyrkjelyd, og mykje av det vi produserer sjølv vil nok bere preg av det, men vi ønskjer òg tett samarbeid med andre kristne organisasjonar, seier Tveit.

Vil synleggjere kristen musikk

Innan utgangen av 2017 blir dei store nasjonale kanalane sløkte på FM, og går over på DAB-nettet. Berre lokalradioar er igjen på FM-bandet. Derfor blei DAB løysinga for «Radio 3,16».

– Vi har lenge hatt ein draum i hjartet om å sende landsdekkjande, men på FM har det vore umogeleg. På DAB kan det gjennomførast, og vi er glade for å kunne sende over store delar av landet frå den 19. april, seier Tveit.

Den nye radiokanalen skal innehalde magasinprogram, aktualitetsprogram, musikkprogram, undervising og nyhende. Når det gjeld musikk, håper dei å kunne vere ein ressurs for kristne artistar, som no vil bli meir synlege.

– Vi har lenge hatt ein visjon om å vere ein oase for landet vårt. Nye satsingar i kyrkjelyden sitt mediearbeid har hatt heile landet som mål i mange år, seier Tveit.

Reklamefinansiert

Kanalen skal vere reklamefinansiert og har inngått ein avtale med eit byrå som skal selje reklame for kanalen.

– Kristne handlar også daglegvarer og ting til hus og heim, så det blir heilt vanlege reklamar. Det finst sikkert eit og anna produkt vi ikkje kan reklamere for, men i utgangspunktet tenkjer vi det blir som på andre radiostasjonar, seier Tveit.

Ho legg til at kanalen òg vil ha reklamar for stemner og konferansar som er av nasjonal interesse. Redaktør for den nye kanalen er Wiggo Skagestad.

Vil utfordre folk på tru

Tveit seier namnet på kanalen «Radio 3,16» har utgangspunkt i «Den vesle bibel» - der det nemnes «kvar den som trur på han». Ingen kan høyre om Jesus utan å bli utfordra, meiner ho.

– Vi ønskjer å vere ein positiv kanal som formidlar Jesus. Vi som er kristne har jo det beste bodskapen av alle, og vi ønskjer fyrst og fremst å utfordre folk på tru, seier Tveit. KPK

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone