Meir undervising om sex og rus enn venta

Undervising om rus og seksualitet er meir utbreidd i kristne organisasjonar enn venta. Men stadig er temaa vanskelege å snakke om, viser fersk undersøking.

Det er KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking som nyleg la fram ei ny undersøking om kristent ungdomsarbeid på rus- og seksualitetsfeltet.

Undersøkinga slår også fast at teologisk uvisse og manglande kompetanse stadig gjer temaa vanskelege å snakke om i kristne samanhengar.

LAST NED SAKEN I TEKSTFORMAT HER

Overraska

- Fyrst og fremst blei vi overraska over kor utbreidd formidlinga av temaa rus og seksualitet var. 60 prosent har dette integrert. Vi trudde desse tala ville vere lågare, seier forskar Pål Ketil Botvar ved KIFO.

Forskaren trur mykje skuldast trusopplæringsreforma, som gjer at fleire tilnærmingsmåtar og verkemiddel blir tekne i bruk.

- For eksempel svarer 1 av 3 trusopplærarar at dei tek opp begge temaa, både seksualitet og rus. Det synest vi er relativt mange med tanke på at mange av desse jobbar med barn under 14 år, legg han til.

Bør prioriterast tydelegare

Likevel er det stor semje blant respondentane om at kyrkjer og kristne organisasjonar bør bruke meir ressursar på formidling og undervising knytte til rusmiddel og seksualitet.

Eit klart fleirtal meiner også at skulen sine tilbod ikkje dekkjer ungdomane sine behov for kunnskap og rettleiing, spesielt på seksualitetsfeltet.

Ungdomane tek gjerne imot meir undervising. Informantane svarer at ungdomane utviser stor interesse for desse temaa.

- Desse tala viser kanskje at det skortar på prioriteringane av kva vi snakkar om. Som trusopplærar må eg bli flinkare til å spørje ungdomane kva dei sjølv ønskjer å snakke om. Spør ein så får ein også svar, seier Elin Oveland, trusopplærar i Østenstad kyrkjelyd i Asker, til KPK

Finst få arenaer

Pål Ketil Botvar i KIFO peikar på at dette gir moglegheiter, både for kyrkja og andre organisasjonar som grip høvet.

- Det finst ikkje så mange andre arenaer som gjer det. Ein lærar har for eksempel mange andre oppgåver enn det å møte deg som enkeltmenneske, seier han.

Han understrekar at temaet eigentleg har vore lenge på dagsorden i kristne samanhengar, men at feltet tidlegare var prega av streng forkynning og peikefingermentalitet.

- Språkbruken har endra seg. No blir det snakka meir om grensesetjing og gode verdiar. Formålet er å oppmuntre til sjølvrefleksjon. Ungdom tek uansett vala sine sjølv. Derfor er tilnærminga mindre regelorientert, utan å bli mindre etisk medviten, trur Botvar.

Framleis vanskeleg

Framleis er temaet vanskeleg å snakke om, skal vi tru respondentane i undersøkinga. Fleire av funna får Botvar til å stusse.

- Den største hindringa er framleis at det er vanskeleg å snakke om. Det overraskar meg. Tilsynelatande er det snakk om både teologiske og personlege problemstillingar. Det seier seg sjølv at det ikkje blir god undervising dersom den som underviser ikkje sjølv veit kva han eller ho skal tru. Det blir rart dersom liv og lære ikkje samsvarer, utdjupar han.

I tillegg nemner halvparten av dei spurte mangel på kompetanse som ein av dei viktigaste grunnane til at det ikkje blir undervist meir i temaa.

- Samtidig er det svært få av dei som underviser i det som seier at dei er ukomfortable i rolla. Kanskje tenkjer ein at alle andre manglar kompetanse, og at det er eit problem for kyrkjer og organisasjonar generelt, spør Botvar.

I undersøkinga kjem det fram at mange av dei som seier dei underviser om seksualitet og rusmiddel, reknar dei obligatoriske to timane i konfirmantundervisinga inn under dette.

- Mitt inntrykk er at det ofte ikkje blir prioritert. Det er kleint og vanskeleg å snakke om, seier trusopplærer Elin Oveland.

Naive foreldre

Fyrst i KIFO sin rapport blir det vist til UNGData-undersøkinga frå 2013, som gir eit bilete av korleis ungdom mellom 13-18 år steller seg til rus og seksualitet.

64 prosent av dei spurte svarer her at foreldre ofte er naive og uvitande om barna sine rusmiddelvanar. To av tre ungdomar synest også at foreldra og andre vaksne bør følgje betre med på barn sin rusmiddelbruk.

I eigenundersøkinga til KIFO svarer heile 51 prosent av dei spurte at foreldre sviktar i formidlinga på rusfeltet, og 42 prosent seier det same om seksualitetsfeltet.

- Det er interessant at så mange er kritiske til både skulen og foreldra sine bidrag på dei aktuelle felta, seier Botvar.

Presentert på konferanse

Den ferske undersøkinga blei lagt fram på ein konferanse om ungdom, rus, sex og tru, i regi av Blå Kors og Kirkelig Ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep. Deltakarar frå både Noreg, Sverige, Færøyane og Storbritannia var representerte.

Preses Helga Haugland Byfuglien opna konferansen, og kalla det ein viktig dag og takka dei oppmøtte.

- Det har ein verdi at desse tinga blir sette på dagsorden. Temaet er viktig for alle som omgåast ungdom, altså oss alle. Det er eit tema som fortener aktpågiving. Det skal ikkje pakkast inn, men heller ikkje blir ukritisk behandla eller idylliserande, sa ho.

Morten Eikli i Blå Kors håper deltakarane på konferansen reiser heim igjen meir opplyste på tilstanden i Kristen-Noreg.

Han håper konferansen gir ringverknader, både i form av at deltakarane knyter nettverk og kontaktar, og at dei stiller betre rusta til å snakke om rus og seksualitet.

- Eg håper vi har fått konkretisert tematikken på ein god måte, og at folk reiser heim igjen med nye tankar og verktøy som kan nyttast i kvardagen, seier han. KPK

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone