- Karakterpresset sender fleire på folkehøgskule

Karakterjaget hjelper til rekordhøge elevtal hos folkehøgskulane, meiner rektorane ved landet sine to største folkehøgskular. Dei får stønad frå forskarhald.

- Kvart år kjem mange elevar til oss og sukkar, og fortel kor slitne dei er, seier rektor ved Rønningen Folkehøgskole, Svein Harstein, til KPK

Han ønskjer heile 186 elevar velkomen ved skulestart. Det gjer folkehøgskulen til den største blant dei totalt 31 kristne folkehøgskulane i landet.

- Det er sprengfullt. Vi har aldri hatt så mange før, seier Harstein.

Trengjer pust i bakken

Han understrekar at det blir drive godt marknadsføringsarbeid, både sentralt og hos kvar enkelt skule. God skuledrift kan forklare noko av voksteren, men samtidig peikar han på at den vidaregåande skulen i Noreg har utvikla seg til å bli det han kallar ein rein teoretisk skule.

- Vi har mange elevar som også er fagleg flinke, og som kunne kome inn på tunge studium, men dei treng ein pust i bakken. Her får dei utvikle andre sider og utfolde seg kreativt gjennom idrett, musikk eller kunst. Det er den typen kreativitet som den norske skulen no blir tappa heilt for, seier han.

Rekordmange elevar

Per 1. august hadde 3412 elevar fått tilbod om plass ved landets 31 kristne folkehøgskular. Det er åtte prosent fleire enn på same tid i fjor, og stadfestar tendensen om at stadig fleire unge vel å bruke eit år på folkehøgskule. Auken har skjett over tid.

- Det har vore ein jamn auke i søkjartal sidan 2004. Sidan den gongen har elevtalet auka frå cirka 5.000 til over 7.000. Utviklinga flata litt ut i 2011, men er tilbake med auke no, seier informasjonsrådgivar Marit Asheim ved Informasjonskontor for kristen folkehøgskule, til KPK

Fordjuping

Asheim trur folkehøgskulane gir eit kjærkome avbrekk.

- Mange unge slit undervegs i skulegangen. Ved å tilby eit år utan det same karakterfokuset kan folkehøgskulane fungere som ei motvekt til det presset som rår elles i samfunnet. Der får elevane fordjupe seg i noko dei verkeleg er interessert i, seier ho.

Dei same tankane har rektor Jan Inge Wiig Andersen ved Nordhordland Folkehøgskole, kor 173 elevar snart er klare for skulestart.

- Elevane som kjem hit har vore gjennom ein skulegang med mykje teoretiske fag og hardt karakterpress, og dei veit at det same kjem når dei skal studere. Dei er slitne, og treng ein pause, seier Wiig Andersen til KPK

- Beste skulen vi har

Tom Tiller, professor i pedagogikk ved Universitetet i Tromsø gav i fjor ut boka «Læringskoden», kor han presenterer forsking på kva elevar får ut av gå på folkehøgskule. Boka sin undertittel er «Fra karakterer til karakter».

Boka er blant anna basert på 300 brev frå noverande og tidlegare elevar samt lærarar. Han peikar på fleire grunnar til at så mange vel folkehøgskular. KPK

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone