SLUTTAR: Etter over seks år som Generalsekretær i KFUK-KFUM gir Øystein Magelssen stafettpinnen vidare. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK
SLUTTAR: Etter over seks år som Generalsekretær i KFUK-KFUM gir Øystein Magelssen stafettpinnen vidare. FOTO: Ingunn Marie Ruud, KPK

KFUK-KFUM leitar etter ny generalsekretær

Øystein Magelssen gir seg som Generalsekretær i KFUK-KFUM

Etter over seks år som Generalsekretær i KFUK-KFUM gir Øystein Magelssen stafettpinnen vidare og byrjar som prost i Drammen prosti.

– Drammen og Lier kommunar er eit nytt storprosti. Det er ein utfordrande og spennande strategisk leiaroppgåve, og eg er glad for tilliten. Samtidig kjenner eg at det blir vemodig å gi meg etter ein så fantastisk meiningsfull og inspirerande reise i KFUK-KFUM, frå eg tok over som forbundsstyreleiar i 2011 og generalsekretær frå 2015, seier Øystein Magelssen i ei pressemelding.

Forbundsstyreleiar Gyrid Mangersnes takkar for eit solid og inspirerande leiarskap, og ønsker han lykke til vidare i spennande og viktige oppgåver i den norske kyrkja.

– Øystein Magelssen har gjennom leiarskapet sitt gitt betydelege bidrag til utviklinga og veksten til organisasjonen. Han har lost organisasjonen gjennom retningsval og implementering av ein ambisiøs langtidsstrategi på ein måte som gjer at vi stolt kan seia at organisasjonen har ei bredde og tilslutning som er solid og mangfaldig.

Forbundsstyret vil umiddelbart setja i gang arbeidet med å rekruttera ny Generalsekretær, og vil legga til rette for innspel frå organisasjonen for å jobba fram riktig leiarprofil som kan ta organisasjonen inn i framtida. Dette arbeidet vil få Forbundsstyrets prioritet dei kommande månadene, og startar allereie i styremøte den 13. desember, melder organisasjonen. KPK

LAST NED KORTSAKA PÅ BOKMÅL OG NYNORSK HER

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone