Friskoleprisen til Dagrun Eriksen

KrF-nestleiar Dagrun Eriksen er gitt Friskoleprisen for 2015.

- Eg har lært mykje av Dagrun. Ho tvang på ein måte meg og andre til å lytte og lære om friskolane si spesielle betyding i Noreg, sa stortingsrepresentant Anniken Huitfeldt (Ap), som stod for utdelinga.

Prisutdelinga fann stad på Kristne Friskolers Forbund (KFF) sin årlege skuleleiarkonferanse på Gardermoen måndag. Prisen blir delt ut for fjerde gong.

Heidra for engasjement

Prisvinnaren kunne sjølv ikkje vere til stades for å ta imot prisen. Ho er for tida i Kenya for å lære opp nye politikarar i demokrati. Det var derfor personleg rådgivar for Knut Arild Hareide, Jon Håkon Øen som tok imot prisen på vegner av Eriksen.

Priskomitéen seier i grunngivinga si at Dagrun Eriksen blir tildelt Friskoleprisen fordi ho som medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen (KUF) ei årrekkje var engasjert i friskolesaker.

Ho blir heidra for eit særleg stort og vellukka arbeid som saksordførar i fleire viktige saker for dei kristne skolane. Priskomitéen meiner resultatet av arbeidet hadde stor betyding for dei kristne skolane, og at utan dette breie politiske forliket ville fleire skolar sannsynlegvis blitt nedlagde.

- Det er typisk at når eg for fyrste gong, og heilt sikkert også for siste gong får ein pris, så er eg på tur til Kenya, sa prisvinnaren i ein fire minutt lang videohelsing som blei spelt av under utdelinga.

Roser friskole-Noreg

Ho heldt fram med å rose representantane i friskole-Noreg for den innsatsen dei gjer.

- Det var dette som tente engasjementet mitt når eg sat i KUF-komitéen. Eg såg kor mykje bra som blei gjort og kor viktig det er at vi har mangfaldet i skole-Noreg, sa Eriksen.

Ho oppfordra også til å fortsetje «den gode korridorpolitikken» friskole-Noreg gjer, for at også nye KUF-medlemer skal kjenne på plikta.

- Eg trur de vil gjere lurt i å oppmuntre - slik også eg blei oppglødd når eg fekk vere rundt på skolar og fekk møte tente elevar, rektorar og lærarar, som drøymde om å hjelpe litt ekstra i elevane si utdanning og læring, sa prisvinnaren.

Anerkjennande pris

Prisen er etablert av Kristne Friskolers Forbund og blei delt ut for fyrste gong i 2012. Formålet med prisen er å gi eit synleg uttrykk for anerkjenning overfor personar og institusjonar som på ein spesiell måte har utmerka seg ved å gjere ein betydeleg innsats for friskolesaka.

I 2012 fekk Kristelig Gymnasium prisen. Året etter gjekk prisen til dåverande generalsekretær i KFF, Torgeir Flateby. I 2014 delte Kjell Magne Bondevik ut prisen til Lars Johan Danielsen, mangeårig rektor ved Danielsen vidaregåande skole. KPK

 

Kristelig Pressekontor St. Olavs gate 24, 0166 Oslo tlf 400 27 228 kpk@kpk.no

 

Powered by Cornerstone