KPK leverer tekst og bilder til aviser og andre medier, som abonnerer på stoffet. Andre som besøker siden, kan lese nyhetsstoffet 24 timer etter at det er sendt ut til abonnentene. Tekst på bokmål og nynorsk.
Andakt til 8. august Sakka akterut
| 11. sundag etter pinse, 8. august 2010
Preiketekst: Johannes 6, 66-69
Etter dette drog mange av disiplane hans seg unna og gjekk ikkje omkring med han lenger. Då spurde Jesus dei tolv: «Vil de òg gå bort?» Simon Peter svara: «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage.»
LES MER :: 04.08.2010 |
Fann Guds ord i fengslet
| Preiketekst: Lukas 12,42-48
Herren svara: "Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid? Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake! Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig. Men set at tenaren seier med seg: 'Det tek nok endå ei stund før herren min kjem', og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande. Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag. Men den som ikkje veit det, og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.”
LES MER :: 28.07.2010 |
Kjenner Jesus deg?
| 9. sundag etter pinse, 25. juli 2010
Preiketekst: Matteus 7, 21-29:
Ikkje alle som seier til meg: 'Herre, Herre!' skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. Mange skal seia til meg på den dagen: 'Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?' Då skal eg seia det beint ut: 'Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!'
Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.»
Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. For han lærde dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.
LES MER :: 21.07.2010 |
|
|