kpk - til forsiden
               
Kristelig Pressekontor postboks 101 tlf 69 88 43 90 faks 69 88 43 94 e-post kpk@kpk.no
 

 
















 
 

 

Vil styrkje samisk kyrkjeliv med 56 millionar

.
Generalsekretær Tore Johnsen i Samisk kyrkjeråd meiner planen vil gjere samisk kyrkjeliv til ein meir sjølvsagt del av Den norske kyrkjas identitet. Foto: Ole Andreas Husøy, KPK

Strategiplan for samisk kyrkjeliv handlar ikkje berre om samar, men og om å gjere samisk kyrkjeliv til ein meir sjølvsagt del av Den norske kyrkja sin felles identitet, seier generalsekretær i Samisk kyrkjeråd, Tore Johnsen.


Av Ole Andreas Husøy, KPK

Leiar i Samisk kyrkjeråd, Anne Dalheim, trur den nye strategiplanen for samisk kyrkjeliv vil innebere ei betydeleg vitalisering.
- I staden for klatting blir det no lagt opp til ei systematisk og gjennomgåande opprusting av samisk kyrkjeliv i Den norske kyrkja, seier ho.
Samisk kyrkjeråd samlast til rådsmøte i Alta 8.-9. april, og då vil det vere ei orienteringssak som engasjerer mest: Strategiplan for samisk kyrkjeliv. Planforslaget er nettopp sendt ut på høyring. Det munnar ut i ein offensiv handlingsplan for 2012-2016, med ei totalramme på 56 millionar kroner.
Planen er svar på eit vedtak i Kyrkjemøtet i 2006 kor ein bad om ein plan for utviklinga av samisk kyrkjeliv kor nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk språk, samt samisk kultur i sitt mangfald vart ivaretatt.
Generalsekretær i Samisk kyrkjeråd, Tore Johnsen, uttalar i ei pressemelding at denne saka ikkje berre handlar om samar, men og om å gjere samisk kyrkjeliv til ein meir sjølvsagt del av Den norske kyrkja sin felles identitet. Han peikar på at planen foreslår å sikre eit grunnivå av samiskrelatert pensum i alle kyrkjelege profesjonsutdanningar.
- 56 millionar kan kanskje verke som mykje pengar, men eg meiner dette er politisk realisme, seier Johnsen. Han meiner planen også kan oppfattast som kyrkjas arbeid med å følgje opp stortingsmeldinga om samepolitikken (2008) og regjeringa sin handlingsplan for samiske språk (2009). KPK



BOKMÅL


Vil styrke samisk kirkeliv med 56 millioner


Strategiplan for samisk kirkeliv handler ikke bare om samer, men også om å gjøre samisk kirkeliv til en mer selvfølgelig del av Den norske kirkes felles identite, sier generalsekretær i Samisk kirkeråd, Tore Johnsen.

Av Ole Andreas Husøy, KPK

Samisk kirkeråds leder, Anne Dalheim, tror den nye strategiplanen for samisk kirkeliv vil innebære en betydelig vitalisering.
- I stedet for klatting legges det nå opp til en systematisk og gjennomgående opprustning av samisk kirkeliv i Den norske kirke, sier hun.
Samisk kirkeråd samles til rådsmøte i Alta 8.-9. april, og da vil det være en orienteringssak som engasjerer mest: Strategiplan for samisk kirkeliv. Planforslaget er nettopp sendt ut på høring. Den munner ut i en offensiv handlingsplan for 2012-2016, med en totalramme på 56 millioner kroner.
Planen er svar på et vedtak i Kirkemøtet i 2006 hvor man ba om en ”plan for utviklingen av samisk kirkeliv hvor nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk språk, samt samisk kultur i sitt mangfold blir ivaretatt”.
Samisk kirkeråds generalsekretær Tore Johnsen uttaler i en pressemelding at denne saken ikke bare handler om samer, men også om å gjøre samisk kirkeliv til en mer selvfølgelig del av Den norske kirkes felles identitet. Han peker på at planen foreslår å sikre et grunnivå av samiskrelatert pensum i alle kirkelige profesjonsutdanninger.
- 56 millioner kan kanskje virke som mye penger, men jeg er mener dette er politisk realisme, sier Johnsen. Han mener planen også kan oppfattes som kirkens arbeid med å følge opp stortingsmeldingen om samepolitikken (2008) og regjeringens handlingsplan for samiske språk (2009). KPK

Publisert: 04.03.2010

Utskriftsversjon


Tips en venn om denne artikkelen:
Ditt navn: Din venns e-post:

9. september 2010